English

Lebergsfjellet

Ålesund

Kort om turen

Turen går heile vegen på veg, slakt i starten og brattare på slutten. Først gjennom bjørkeskog, vidare over skoggrensa med utsikt mot vest og etterkvart også nordover. Frå toppen ser du Brustinden, Ystetinden og Sprovstinden på Vestnessida av Ørskogfjellet. I aust ser du m.a. Høgsvora og Giskemonibba. I sør ser du Storfjorden og fjella langs den. 

Ruteskildring

Start ved bomvegen i Landedalen, merka med skilt. Gå opp langs grusvegen. Etterkvart som du legg myra bak deg, opnar utsikta vestover seg og det vert litt meir stigning. Vegen rundar så tilbake og går vidare i svingar oppover mot toppen. Eit par brattare etappar vert det etterkvart og når du nærmar deg toppen, ser du dei store mastene med tilhøyrande bygningar. På toppen kan du gjere fleire val viss du vil ha ein rundtur: Gå over til Svartløkfjellet, eller gå til Fjellstova. Raude pinnar markerer vegen, men det er ikkje tydeleg sti.

Tilkomst og parkering

Køyr E 39 nordover frå Sjøholt sentrum nordover mot Ørskogfjellet. Når du nærmar deg dei første hyttefelta, ser du ein bomveg. Ta av på vestsida av Europavegen. 50 m. lenger framme skal du svinge av og finne parkering på austsida av vegen. Du går så tilbake langs Europavegen og inn på bomvegen i retning sørvest. Parker på austsida av Europavegen ca 7,3 km nord for Sjøholt sentrum.
Fottur
Blå
Lengde
8,4 km tur/retur
Stigning
301 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
614 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 8,4

Offentleg transport

Timeekspressen kvar time

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut