Radiostasjonen Frey ligg i Almefjellet høgt over Oksavika. Hytta "Kåken" som ligg i fjellsida idag er ein rekonstruksjon av hytta som sto her under krigen. Turen er oppsett som blå tur, det er på grunn av dei siste 50 meterane opp til hytta.
Austa på husa i Oksavika går det ein traktorveg i to sløyfer oppover i skogen. Følg denne vegen om lag 950 m oppover, ta så til venstre og gå langs ryggen oppover til eit stort berg. Gå på venstresida av dette berget, til eit tau som fører deg til "Kåken". Dei siste 50 metrane før hytta går i bratt og steinete terreng, og det kan vere naudsynt å ta hendene til hjelp for å komme opp.
Turen er skilta ved start ved fv 61 og ved stikryss.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 0,4 |