{"id":290,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"frey-radiostasjonen-i-oksavika","name":"Frey, radiostasjonen i Oksavika","municipalities":["Sande"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":null,"marking_responsible":null,"seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Radiostasjonen Frey ligg i Almefjellet h&oslash;gt over Oksavika. Hytta \"K&aring;ken\" som ligg i fjellsida idag er ein rekonstruksjon av hytta som sto her under krigen. Turen er oppsett som bl&aring; tur, det er p&aring; grunn av dei siste 50 meterane opp til hytta.","tour_description_html":"<p>Radiostasjonen Frey ligg i Almefjellet h&oslash;gt over Oksavika. Hytta \"K&aring;ken\" som ligg i fjellsida idag er ein rekonstruksjon av hytta som sto her under krigen. Turen er oppsett som bl&aring; tur, det er p&aring; grunn av dei siste 50 meterane opp til hytta.<\/p>","directions":"<p>Austa p&aring; husa i Oksavika g&aring;r det ein traktorveg i to sl&oslash;yfer oppover i skogen. F&oslash;lg denne vegen om lag 950 m oppover, ta s&aring; til venstre og g&aring; langs ryggen oppover til eit stort berg. G&aring; p&aring; venstresida av dette berget, til eit tau som f&oslash;rer deg til \"K&aring;ken\". Dei siste 50 metrane f&oslash;r hytta g&aring;r i bratt og steinete terreng, og det kan vere naudsynt &aring; ta hendene til hjelp for &aring; komme opp.<\/p>\r\n<p>Turen er skilta ved start ved fv 61 og ved stikryss.<\/p>","start_point":"Fr\u00e5 fv 61 ved \u00c5rvik ferjekai k\u00f8yrer du austover ca 3 km, d\u00e5 er du i Oksavika. Ved starten p\u00e5 ruta er det skilta mot parkering, f\u00f8lg retninga om lag 100 m aust, til ein opparbeidd parkeringplass p\u00e5 venstre hand.","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"Krigsminne. P\u00e5ska 1944 kom KNM Hitra til Skorpa med to radioagentar, br\u00f8rne Ole og Tore Snefjell\u00e5. Dei skulle etablere radiostasjon p\u00e5 s\u00f8rsida av Gursk\u00f8ya, med oppdrag \u00e5 rapportere til London den tyske skipstrafikken som gikk i Rovdefjorden. Konvoiane gikk denne leia. Agentar og utstyr vart frakta fr\u00e5 Skorpesundet til Laupsneset av Erling Torvholm og Alfred Aursnes. Stasjonen vart etablert i terrenget der, men etter ei tid viste staden seg \u00e5 vere ueigna og ny lokalitet m\u00e5tte finnast. Agentane kom i kontakt med familiane Amund og Elias Oksavik, som vart medhjelparane deira. Desse medhjelparane var avgjerande for at stasjonen kunne vere aktiv over s\u00e5 lang tid. Radiostasjonen vart etter kvart plassert i Almefjellet, i ei hytte som folket i Oksavika sette opp og kamuflerte med jord, lyng og eine. Stasjonen var sv\u00e6rt aktiv og vart etter kvart peila av tyskerane til \u00e5 ligge i omr\u00e5det Oksavika. I januar 1945 var tyskerane komne s\u00e5 n\u00e6r stasjonen at agentane fann \u00e5 m\u00e5tte avslutte oppdraget og returnere til England. Den 22 januar 1945 vart dei henta av ub\u00e5tjagaren KNM Vigra i omr\u00e5det der dei kom inn. Trass i iherdig leiting fann ikkje tyskerane hytta f\u00f8r dei tvinga Elias Oksavik opp i fjellet for \u00e5 vise dei staden. Hytta vart d\u00e5 brend og alt fjerna. Tidsvitna Kjartan, K\u00e5re og Nottung Oksavik, som budde i Oksavika den tida, har lagt grunnlaget for rekonstruksjonen av hytta som dei kalla  \"K\u00e5ken\". Familien som bur i Oksavika har utf\u00f8rt arbeidet med \u00e5 bygge rekonstruksjonen. Prosjektet er gjennomf\u00f8rt i samarbeid mellom familiane Oksavik og Her\u00f8y Rotary Klubb. Rekonstruksjonen vart markert den 22 august 2007.","grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"1 t. 10 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"G\u00e5 gjerne inn i \"K\u00e5ken\" og skriv deg inn i gjesteboka. Husk \u00e5 lat att grindene s\u00e5 vi slepp sauer p\u00e5 avveier.","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart Ytre S\u00f8re Sunnm\u00f8re, M711 1119 III, Sunnmorskart.no","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}