English

Austelidheida/Heida frå Jetmundleitet/Kvilehytta, rute 62

Vanylven

Kort om turen

Tur med god stigning frå Jetmundleitet og opp til eit flott utsiktspunkt. Nydelig utsikt over Åheim og ut Vanylvsfjorden.. Ta gjerne ein avstikkar til Jetmundsteinen på andre sida av Fv 61 ved startpunktet.

Ruteskildring

Ruta startar ved Jetmundleitet, 100 m etter den knappe svingen når ein kjem frå Åheim og har passert Kvilehytta. Det er skilta ved rutestart. Ruta er merka. Ein går først på steinbru over elva. Dreier litt mot venstre der stigninga startar. Kjem straks opp på eit lite platå som ein passerer før ein går rett opp omlag 50 m. Dreier deretter mot høgre (sørover) og går langs ein liten rygg ca. 300 m. Svingar så rett opp og dreier etter kvart til venstre før ein går opp ryggen og følger denne opp på toppen. På kartet er toppen kalla Austelidheida, men lokalt blir den kalla berre Heida. Retur samme veg. Alternativt kan ein gå mot Bekslehornet https://morotur.no/tur/Bekslehornet-rute-62. Mange går også motsett veg frå Beksle, opp til Bekslehornet, vidare langs ryggen mot Heida og ned igjen til Jetmundleitet https://morotur.no/tur/Bekslehornet-Austelidheida-Heida-rute-62 

Tilkomst og parkering

Ruta startar ved Jetmundleitet. Frå krysset i Åheim sentrum køyrer ein sørover på Fv 61 mot Måløy, opp svingane mot Maurstadeidet. 2,7 km etter krysset kjem ein til Kvilehytta. Her er det gratis og god parkering og ein kan få seg god mat og drikke etter turen. Frå Kvilehytta går ein Fv 61 vidare 300 m og finn rutestart på venstre side 100 m etter den knappe svingen.
Fottur
Blå
Lengde
1,63 km en vei
Stigning
451 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Høyeste punkt
637 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,4

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut