English

Bekslehornet-Austelidheida/Heida, rute 62

Vanylven

Kort om turen

Om ein køyrer Fv 61 over Maurstadeidet frå Åheim mot Nordfjord ser ein øst for seg ein rygg som går langs Bekslevatnet og Vaulvatnet.  Å gå langs denne ryggen mellom Bekslehornet og Austelidheida, eller Heida som den blir kalt lokalt, er ein flott tur med 360° panoramautsikt mykje av ruta langs ryggen.

Ruteskildring

Ruta startar frå Beksle, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Frå parkeringa går ein grusvegen austover. Der stigninga startar er det skilt som viser retninga. Det er godt synlig sti og ruta er godt merka. Ein går ryggen oppover og det er lett å finne fram. Eit par hundre meter før Bekslehornet kjem ein til ein stein der det er skilta vidare. Her tek ein til høgre og går rett opp mot topp-punktet. Frå Bekslehornet går ein nordover. Retninga er skilta og stien merka. Ruta går over Smalenyken, med toppunkt 600-700 m frå Bekslehornet. Her er det eit par plassar med lett småkliving ned. Nede frå Smalenykjen, på lavaste punkt før neste stigning er det skilta ein snarveg ein kan gå dersom ein går same rute tilbake. Etter ca. 200 m i lett stigning kjem ein opp til eit lite vatn. Vidare går ein berre langs ryggen. Etter nye 400-500 m passerer ein høgste punkt på ruta. Her er det satt opp varde. Deretter er det lett vandring langs ryggen mot Heida. Knapt 500 m før Heida ligg ein naturlig «port» i terrenget med flott utsikt vestover. Mellom Bekslehornet og Heida er det omlag 3 km. Frå Heida er det ca. 1,7 km ned til Fv 61 ved Jetmundleitet. Her må ein passe på å følge merka rute ellers kan det lett bli ulendt terreng. Ein dreier litt mot venstre og går i retning Åheim. Etter 500-600 m dreier ein til venstre igjen. Etter nye 100-200 m dreier ein mot høgre og går rett ned ca. 100 m. Da dreier ein til høgre og går langs ein liten rygg ca. 300 m før ein igjen dreier mot venstre og går rett ned ca. 50 m. Ein er da nede på eit lite platå der ein tar mot venstre, går over platået og ned skogen i same retning mot elva som ein passerer på ei steinbru og er framme på Fv 61. Ved retur samme veg tar ein av på lavaste punkt mellom Smalenykjen og eit lite vatn ein passerer. Ein tar av frå ruta i rett vestleg retning. Etter ca. 70 m dreier ein mot sør. Etter ca. 700 m i sørlig retning kjem ein inn på ruta mellom Beksle og Bekslehornet ved den store steinen der det er skilta.

Tilkomst og parkering

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61 over Maurstadeidet. Parkering og rutestart ligg på Beksle mellom Bekslevatnet og Juvatnet, 7,6 km frå krysset på Åheim. Gratis og god parkering på Beksle. Gratis og god parkering også ved Kvilehytta. Kombiner gjerne turen med ein god middag. Kvilehytta er kjent for sin gode mat. Ved Kvilehytta er det også hytter for overnatting.
Fottur
Blå
Lengde
6,01 km rundtur
Stigning
508 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
642 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,7

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut