English

Yttlinakkane frå Hauge

Fjord

Kort om turen

Fin tur i lett terreng. God utsikt til fjorden og store delar av tidlegare Norddal kommune. Passar godt både som treningstur på kveldstid og som søndagstur med familien. Spesiell furuskog og opa hytte å raste i. Retur same veg.

Ruteskildring

Gå frå parkeringsplassen på Hauge, kryss bilvegen og fylg gardsvegen som går gjennom nærmaste tunet, rett oppom parkeringsplassen. Gardsvegen går tett forbi to bustadhus og ei gammal løe som ligg på høgre hand, og ei nyare løe på venstre hand. 

Dette er ein god traktorveg som du fylgjer om lag 500 m oppover innmark, til skiltet som viser pil til Ruggå. Fylg så stien vidare oppover i terrenget til stidele med pil mot venstre, skilta til Yttlinakkane. Derifrå går du på merka, god sti i lett terreng vestover. Etter ca 600 m kjem du til Flatstimyra, så opp ein slak stigning utover Heia, forbi ein plass som heiter Svasvadalen og til Rusetdalen, så noko stigning mot Yttlinakkane.

På toppen av Yttlinakkane (600 moh.) er det veldig gammal og spesiell furuskog, og her fylgjer du i fint og ganske flatt terreng fram til hytta som står på området kalla Kvitsva. Kassa finn ein på treet like bortom hytta. Der har Fjørå helselag si trimkasse også. Hytta er det Erling Rødal frå Ytterli som har bygt. Ho er opa for alle men husk at å ta med eventuelt søppel heim. Frå Yttlinakkane er det fin utsikt mot Nysætra (750 moh.), til dei inste gardane i Fjørå og innover mot Tafjord. Likeeins ser ein Valldalen, over Tafjorden til dei gamle fjordgardane på hi sida - og utover fjorden mot Eidsdal.

Alternativ retur: Frå trimposten kan du halde fram turen nedover mot Bjønnamyra. Der deler stien seg og du kan fylgje skogsveg ned til Ytterli (400 moh.) og fylgje bilvegen tilbake til parkeringsplassen på Hauge (ca 1,8 km). Eller du kan halde fram vidare på sti frå Bjønnamyra og til Rusetdalen, der kjem du inn på same stien som du kom på, og fylgjer han attende til Hauge. NB! Ikkje alle dei lokale namna står på kartet, men det er skilta og delvis merka.

Turen tek 2-3 timar t/r i lett terreng. Dette er ein fin tur som passar heile familien.

Tilkomst og parkering

Frå Fjørå kai fylgjer du vegen som slynger seg oppover til Selboskar og Hauge, 400 moh. Ved Selboskar svingar du til høgre (krapp 180 graders sving) og etter nokre hundre meter kjem du til parkeringsplassen på Hauge som ligg på høgre sida av vegen. Gratis parkering. Plass til ca 20 bilar. NB! Ved retur til Ytterli: Snuplassen er ikkje p-plass. Set ikkje att bil på privat grunn på Ytterli utan avtale med grunneigar.
Fottur
Blå
Lengde
3,41 km en vei
Stigning
304 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
609 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,1
Grus 0.6
Sti 2,3

Offentleg transport

nei

Anna

Vi kan elles nemne at HKH Dronning Sonja også har gått på tur her. I hytta på Kvitsva heng ei helsing frå henne som er henta frå hytteboka.

Kart

Turkart for Norddal kommune, turkart Tafjordfjella
Køyreskildring
Print ut