Ytrehornsnakken er eit flott utsiktspunkt! I eldre tider var dette ein “veteplass”, så om det var fare på ferde, tende folk eld her oppe. Det er sett opp ei vetestove som er opa for alle. Mange har Ytrehornsnakken som endeleg turmål, men det er lett og fint å gå vidare til Storetua dersom du ønsker ein litt lenger tur.
Følg stien frå startpunktet. Den er tydeleg heilt opp til Ytrehornsnakken, og det er nokre fine kvilepunkt undervegs. Mellom anna passerer du Dagsturhytta, den einaste i sitt slag i Møre og Romsdal (61°58'33.82"N 6°30'20.12"Ø)° 30.369'). Her har du flott utsikt mot m.a. Grodås sentrum. Det er nokså bratt opp til Ytrehornsnakken, men ingen utsette parti å forsere. Når du kjem opp til Ytrehornsnakken er det fint å gi seg tid både til å nyte utsikta, ta ein tur innom Vetestova og også besøke sætra som er her oppe. Turen vidare til Storevarden er nokså lett. Du passerer sætra og går vidare i fin bjørkeskog. Stien følger "Hornindal-rundt"-ruta og har oftast kvite merke. Like før du kjem til Storevarden må du passe på å ta av til venstre. Litt utydeleg sti, delvis raudemerka ut til Storevarden. Flott utsikt mot Hornindalsvatnet!
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 6,3 |