English

Ytrefløvatnet frå ytre Flø

Ulstein

Kort om turen

Ein flott tur som stratar på grusveg langs Fløstranda. Så går den over på rås etter vegs ende. Ingen bratte eller utrygge parti. Moderat stigning. Ta gjerne med badekle, og eit fjellbad skulle friste. Det er og mulig å telte ved vatnet.

Ruteskildring

I starten går turen på grusveg langs Fløstranda og du kan kjenne bruset frå havet. Etter eit par hundre meter går vegen over i rås og svingar opp mot høgre. Følg rås som tar av mot høgre og går oppover. Du kryssar elva og her er det godt å fylle på vannflaska. Det er slakk, moderat stigning, og ingen bratte parti. Når terrenget slakkar ut, kjem du til vatnet. Her kan du nyte stille, flott natur, ta deg eit forfriskande bad, eller telte om du ønsker det. Det er og mulig å følge rås vidare opp til Kjerringa, Smørkinna, Signalhornet eller Skolma. Denne turen går i lav vegetasjon uten tre og skog.

Tilkomst og parkering

Kjør gjennom Ulstein sentrum. Etter bensinstasjon tar du til høgre i kryss, skilta mot Flø. Kjør til vegs ende på Flø. Her er det parkering til 10-15 bilar. Turen startar her.
Fottur
Grønn
Lengde
3,46 km tur/retur
Stigning
242 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
249 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,2
Sti 1,5
Køyreskildring
Print ut