English

Ytre Murvika frå stadion

Ålesund

Kort om turen

 

Tur med start frå parkeringa ved Skodje stadion. Følg asfaltveg og skilting vidare ned til badeplassen i Murvika. Gå vidare langs fjøra, gjennom eit skogholt og over til ny, stor bukt. Gode leikeforhold for barn.
 

Ruteskildring

 

Gå ned forbi Prestemarka barnehage til nytt skilt viser til Murvika. Forset på grusvegen til Murvika friluftsområde. Her er det bålplass og bord og benker. Gå eit kort stykke vidare langs fjøra, tett opp mot trea. Her er det ofte vått. Ved enden av bukta tek stien av opp mot skogen. Følg stien gjennom fin granskog over eit lite høgdedrag til stien vender ned igjen mot neste fjøre. Både fjøra og det fine område i skogen er ypperleg for leik og aktivitet. Her står det ein eldre gapahuk med bålplass. Turen er også fin å kombinere med lysløypa på Skodje som har same startpunkt. Det er sti frå gapahuken og opp til lysløypa viss de vil ha ein rundtur, men her er stien litt meir utfordrande.
 

Tilkomst og parkering

Ta av frå vegen gjennom sentrum av Skodje mot Murvika, Prestemarka og Stadion. Parker her ved stadion og gå vidare.
Fottur
Grønn
Lengde
1,46 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
46 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Grus 0,6
Sti 1,4

Offentleg transport

Buss til Skodje sentrum

Kart

Ålesund
Køyreskildring
Print ut