English

Ytre Murvika

Ålesund

Kort om turen

Kort tur langs fjøre, gjennom eit skogholt og over til ny, stor bukt. Gode leikeforhold for barn.

Ruteskildring

Gå først eit kort stykke langs fjøra, tett opp mot trea. Her er det ofte vått. Ta av opp mot skogen og gå på sti langs fin granskog over eit lite høgdedrag til stien vender ned mot neste fjøre. Her er det god plass langs fjøra og fine område i skogen for leik og aktivitet. Her står det ein eldre gapahuk  med bålplass.

Tilkomst og parkering

Ta av frå vegen gjennom semtrum av Skodje mot Murvika, Prestemarka og Stadion. Køyr forbi Prestemarka barnehage til nytt skilt viser til Murvika. Forset på grusvegen til parkering i Murvika friluftsområde.
Fottur
Grønn
Lengde
0,63 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
22 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,8
Ingen sti 0,4

Offentleg transport

Ja, du kan gå frå Skodje sentrum der bussen stoppar.

Kart

Ålesund
Køyreskildring
Print ut