English

Ytstehola

Stranda

Kort om turen

Fin tur for turgåare i alle aldrar. 

Ruteskildring

Frå Spar Svingen går du rett opp mot Jakobvegen, same veg som om du skal til Ødegårdsnakken (også Stikk UT! tur 2022). I enden av byggefeltet tar vegen en krapp høgresving og over i ei bratt grusveg, her er det skilta. Denne går fort over på ei traktorveg. Her er det viktig å lukke grinda etter seg, det kan gå skyr her på sommaren.

Følg traktorvegen som går slakt oppover og rett fram til endes, og du vil ende opp ved Ystehola. Det er fleire avstikkarar langs traktorvegen, desse ledar ikkje til Ystehola, men anbefalast om ein ønskjer å forlenge turen. Vel framme er det benk kor du kan nyte noko godt i koppen eller niste. Same veg tilbake.

Ødegårdsnakken er ei av plassene ein kan leggje turen innom. Her får ein eit enda betre perspektiv på fjorden og fjella kring Stranda.

Estimer 35 minutt til Ytstehola i roleg turtempo frå Spar Svingen. 

Tilkomst og parkering

Gratis parkering ved Svingen Handel (Spar). Ringstadvegen 67, 6200 Stranda.
Fottur
Grønn
Lengde
2,22 km en vei
Stigning
181 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
286 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut