Praktfullt utsyn mot Ålesund, Nordøyane og fjellheimen innover. På brua over Molværselva står Dei tre bukkene Bruse utskorne i tre. Opp ei lita kneik og ein kjem til eit flatt område, Gamlestølen på ca 200 moh. Sulanissen har fått sitt eige hus litt vest for Gamlestølen. Vonhytta har ope kiosk alle «raude dagar» og overnatting etter avtale.
Opparbeidd fjelløype, til dels noko steinete, men stort sett greit underlag. Litt stigning i starten før løypa flatar ut mot Molværselva og Gamlestølen. Vonløypa held fram i jamn stigning forbi huset til Sulanissen. Vidare på bru over Steinelva. Knapt 400 meter etter denne gjer løypa ein skarp sving mot sør. Trasèen går no jamt stigande til Vonhytta, om lag 510 moh. Frå dette punktet går ei kort sideløype til Blåfjell, 344 m.o.h. Reidarvarden er heile tida det tydelege blikkfanget. Lønsam avstikkar, flott panoramautsyn mot Breisundet, Ålesund og Nordøyane. Vonhytta, som ligg på ca 510 m.o.h, vart reist på dugnad av eldsjeler i Idrottslaget VON i 1934 og den tilhøyrer i dag Langevåg Idrettslag.