Padletur frå Nørvasundet forbi Svinøya til Vikholmen. Vikholmen og Lauvholmen er statleg sikra. Vikholmen er tilrettelagt med gjestebrygge, toalett og benkar. Det er dyr på beite som held området opent med ein liten fjøs.
Padle ut og rundt småbåthamna og mot Gåseidholmane. Der setter du kursen nordover og kryssar over sundet mot Larsgården. Padle austover vidare langs land til du kjem til neset og ser Svinøya og Svinøyholmane. Sett kursen mot sørsida av Svinøyholmane og kryss fjorden. Her kryssar du skipsleia for nyttetransport til mellom anna Breivika/Olsvika. Når du passerer Svinøyholmen padlar du vidare langs øya til du nærar deg sommarneset. Der kryssar du over til sørsida av Kalven, ei mindre øy, før du fortsetter vidare langs sørsida av Lille Kalvøya. Når du kjem lengst aust på Lille Kalvøya ser du Vikholmen over Kalvøysundet. Kryss sundet og fortsett langs sørsida på Vikholmen til du kjem til ei stor opa mark på austsida av øya. Her er fint å gå i land, med nokre benkar nede ved sjøen. Det er mogleg å sette opp telt og flott å henge opp hengekøyer i skogen lenger inne på øya. Toalett ligg litt bak ein fin liten fjøs med stein og torvtak.
Svinøya som du passerer på turen er statleg sikra og tilrettelagt med toalett, grillplass og gjestebrygger. Og kan vere verdt ein stopp, eller som alternativ overnattingsplass.
Parkering og sjøsetting ved Gåseidet småbåthamn. Du kan køyre inn på hamneområdet og sette av kajakk og utstyr. Men gjer vel og nytt parkeringsareal på utsida av hamneområdet (før undergangen under hovudvegen).