English

Vikevatnet - Slagnes

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein tur som passar godt for deg som vil ha ein fin ettermiddagstur eller om du vil få opp pulsen i litt motbakke. Turen går på god grusveg heile tida med utsikt mot Bøstranda, Fiskå og utover Nordstranda. Når du kjem til toppen, er fjellvegen eit godt utgangspunkt for ulike fjellturar.

Ruteskildring

Parker nede i fjellvegen, gjerne ved garasja før bommen (bomavgift 30 kr), men pass på så du ikkje parkerer noko inne. Følg fjellvegen heile vegen. Like før du er oppe kjem du til ein benk, og vegen delar seg om lag 100 meter lenger framme.

Her tek du til venstre for å kome til Vikevatnet. Like før du kjem fram til Vikevatnet er det merka slik du kan gå vidare mot Storehornet, Vedahornet eller Løvollsnipa om du ynskjer det. Dersom du går rett fram og gjennom grinda etter benken der vegen delar seg, kan du gå til Slagneshornet og Haggaren.

 

Tilkomst og parkering

Fjellvegen opp til Vikevatnet er på venstre side like før du kjem til avkøyrsla på «høgda» ned til Slagnes når du kjem frå Fiskå. Parker nede ved vegen eller oppe ved garasja.
Fottur
Grønn
Lengde
1,78 km en vei
Stigning
192 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
240 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,78
Køyreskildring
Print ut