English

Vikeelva opp til Vinjevoll - rundtur

Ørsta

Kort om turen

Ein fin rundtur opp langs Vikeelva til den vestlege delen av Ørsta sentrum. Her kan du både få opp pulsen om du vil, og nyte utsikta over sentrum!

Ruteskildring

Start turen ved parkeringsplassen på Klokkarmarka i Berte-Kanutte vegen.

Følg Kirkegata mot kirka og ta til venstre langs elva. Etter knapt 200m kryssar du elva og følger gangvegen på andre sida av elva oppover,kryss Håkonsgata og vidare langs elva forbi Vikemarka skule. I starten på Storebakken tek du gangvegen opp på fonnvernet. Hald til venstre mot gamle døgnmagasinet. Herifrå går vegen bratt oppover til dagens døgnmagasin (og parkeringsplass for dei sprekaste som vil til Vallahornet, Saudehornet og Nivane !).

Her kan du sette deg ned og få att pusten om du har gått litt for fort.

Vår tur tek til venstre utover langs kanalen i slak nedoverbakke og etterkvart ei nydeleg utsikt over Ørsta sentrum.Du går Bøvegen til endes nedover og svingar til høgre ut Vinjevollvegen og ved morkagjølet går du under E39 og tek Strandgata tilbake mot sentrum. På gamle Haldeplassen ynskjer ugla på toppen av den nyrestaurerte fontena deg velkomen attende til sentrum !

Fortsett rett fram inn Vikegata og passer Svendsengarden, Ørsta sin 1000-årsstad før du kryssar E 39 og tek Kyrkjegata innatt til parkeringsplassen. God tur!

Tilkomst og parkering

Frå rundkøyringa på E 39 tek du Fv 655 mot Sæbø omlag 200 meter til Nekken ved Ørsta Kyrkje. Forbi kyrkjeporten og inn Kyrkjegata til ny parkeringsplass på Klokkarmarka ved Berte Kanuttevegen.

Fottur
Grønn
Lengde
4,85 km en vei
Stigning
155 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
144 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Ja med buss til Svendsengarden kan ein starte på turen derifrå. http://www.frammr.no
Køyreskildring
Print ut