English

Veten og Smørkinna frå Brørevatnet

Ulstein

Kort om turen

Her i Fløfjella er det ikkje skog, berre lav vegetasjon heile turen. Om du har fint ver, så ta gjerne med soveposen eller teltet og overnatt i nydelig åpen natur. Rås heile vegen som er tydeleg og lett å følge. På toppen av Veten har du superfin utsikt mot Flø, Gravsøyane, Herøy, Rundefjellet og storhavet. 

Ruteskildring

God tydeleg rås heile vegen. på topen av Smørkinna er det høg fin varde, og ute på Veten er det lødd opp som ei steinborg i en ring. Om det bles, så er det fint å ta matbiten og drikka her før ein returnerer. Om det er fint ver, så ta gjerne med soveposen og evt telt, og overnatt her. Solnedgangen blir ikkje meir spektakulær og finare enn her ute i havgapet :) Nyt naturen og kjenn stresset senke seg. Turen har ikkje utfordrande parti, berre slakk stigning og ein går på trygt rundt fjell og fjellrygg heile turen. Fint å ta med heile familien.

Tilkomst og parkering

Kjør frå Ulstein sentrum mot Flø. Ca midt i sentrum av Flø er det skilta veg mot Brørevatnet, Roppehornet mm. Følg grusvegen oppover. Her er det grunneigarar som vedlikeholder vegen og om du betaler en liten slant ved bommen (gjerne vipps) så kan du kjøre opp til Brørevatnet og parkere der. Vel verdt pengane å sleppe å gå den lange grusvegen opp. Parker der det er "lommer" for det. Ikkje offentleg parkeringsplass her. Her starter turen.
Fottur
Blå
Lengde
8,45 km rundtur
Stigning
262 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
532 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 8,38

Betalingsmiddel for bomvei

vipps, eller kontant og utfylling av skjema og lappe inne i bilen.
Køyreskildring
Print ut