Turen går i eit flott kulturlandskap ved Kilstivatnet. Verpesdalen hadde tidlegare busetjing på dei tre gardane, og på det meste var her over tjue born. Vi følgjer dels ruta der dei starta å byggje veg over til Eidsdal i 1930-åra.
Turen startar frå parkeringsplassen på Kilsti. Du går fyrst direkte opp frå myra på merka og skilta rås. Fyrst over eit myrdrag før du kjem inn i open bjørkaskog. Du kryssar ei lita elv og går opp til vatnet. Deretter på god rås i lett terreng på austsida av vatnet inn til Kilstisætra. Frå sætra svingar du av mot nordaust og følgjer eit høgdedrag (kanten mot Verpesdalen) nokre hundre meter. Litt før du startar den brattaste stigninga opp mot Blåhornet, er det skilta, og det svingar ein sti bratt utfor kanten.
Merk at den opphavlege ruta tek av mot Verpesdalen litt tidlegare, men her har det gått eit ras, og det står ei informasjonstavle om at denne vegen ikkje kan nyttast no. Vi åtvarar sterkt om å prøve: Glir du utfor når du skal over rasstaden, rasar du på glatte berget langt nedover ei stupbratt fjellside!
I staden følgjer du altså råsa som tek av litt nærmare Blåhornet. Råsa kjem ned på vegen dei starta å byggje i 1930-åra, og går vidare nedover fjellsida i bratte slynger. Når du kjem ned i dalbotnen, følgjer råsa botnen nordvestover på nordsida av vatnet før ho kjem ned til den øvste av dei tre gardane. Det er ikkje stort meir enn hundre meter ned til midtgarden, og litt lengre ned til nedste gardstunet. Dette tunet ligg heilt ute på kanten mot fjorden, og det er tilrettelagt eit utsynspunt som du kan oppleve om du går forbi stovehuset og ut på austsida av dalmunningen.
Du kan gå same vegen attende til Kilsti, eller ta turen via Flåna, så får du ein rundtur, sjå ev. skildringa av turen til Flåna eller "Kilstimarkene rundt"
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 4,3 |