English

Verpesdalen via Flåna

Fjord

Kort om turen

På denne turen får du med deg eit svært vakkert natur- og kulturlandskap ved Kilstivatnet. Heile turruta ligg inne i Unesco verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Mykje kulturhistorie knytt til dei tre nedlagde fjordgardane i Verpesdalen.

Ruteskildring

Turen startar frå p-plasse på Kilsti (Gjerdeneset). Vi følgjer merka rås direkte opp frå parkeringa, over eit myrdrag, gjennom litt bjørkeskog og over elva på bru, før vi går siste biten opp til vatnet. Vi følgjer råsa på austsida av vatnet, men i stikrysset på ein låg kolle svingar vi av og følgjer skiltinga rett over myra, mot Flåna og Blåhornet. På andre sida av myra går ein gammal veg bratt oppover mot Blåhornet. Rett etter at du har kryssa over ei myr, deler råsa seg mellom to kollar. Du følgjer skiltinga mot Flåna og Ospahjellen og går litt nedover i retning mot fjorden. Her er litt myrete og vått før du svingar nordover og rundar Blåhornet på ein enkel sti. Følg merkinga mot nordvest, dels over myr. Det er lett terreng med lite stigning før du byrjar å gå nedover ein bergrygg mot Flåna. Vidare langs myrtjønnene omlag der kraftlina går og ut til turposten på Flåna. Herifrå held du fram nedover den markerte ryggen mot fjorden. Etter eit par hundre meter svingar stien ned frå ryggen og sørover, før han går i slynger ned den bratte fjellsida til Verpesdalen. Stien kjem ned like ved det øvste tunet. Herifrå kan du følgje stien i dalbotnen ned til det nedste tunet, Jakobgarden.

Du kan følgje same veg attende, eller gå dalbotnen framover og opp den bratte stigninga til Kilstisætra. Eit anna alternativ er å gå heile runden rundt Kilstimarkene, - sjå ev. skildringa til "Kilstimarkene rundt".

Tilkomst og parkering

Køyr fv.63 frå Eidsdal sentrum i ca. 6 km mot Geiranger. Ta av på kommunevegen skilta mot Rønneberg/kilsti og følg denne i 3,9 km. Då kjem du til p-plassen på Kilsti (Gjerdeneset).
Fottur
Blå
Lengde
5,5 km en vei
Stigning
221 m
Tidsbruk
1,5 t. ein
Sesong
Vinter, Vår, Sommer
Høyeste punkt
647 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,5

Offentleg transport

Det er få bussruter mellom Eidsdal og Geiranger, og til Kilsti går det berre buss når det er skule. Det er difor ikkje lett å basere seg på offentleg transport.

Anna

Mykje spennande kulturhistorie knytt til fjellgardane i Verpesdalen. Særeige landskap over Flåna.

Kart

Turkart NOrddal kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut