Turen startar frå Ulvestadsætra på god og merka sti i Ulvestaddalen mot Hellevatnet og Botnaskardet, med jamn stigning.
Når de kjem til sætra startar stien, som først går mot Hellevatnet (sjå eigen omtale). Ved omlag høgde 480 moh deler stien seg, og de skal følgje merkinga til høgre. Herifrå jamn stigning vidare til Botna-/Sundnesskaret. Herifrå opp og austover under Sandfjellhaugen på "slettelandskap" mot Storenipa. Stien går så mot nord over Jolskardet, i litt i steinur, men for det meste på god sti mot toppen på 1008 moh. Frå toppen er det vidt utsyn: mot aust ser ein Skålatårnet og Lodalskåpa, mot sør-vest ser ein Hornelen, i tillegg sjølsagt til Sunnmørsalpane og øyane ut mot havet. Det vert sagt at ein ser sju kyrkjesokn frå denne toppen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 10 |