English

Veibergsætra frå Løvoll

Fjord

Kort om turen

Turen til Veibergsætra går på skogsveg og god sti i variert skogterreng. Det er ein fin ettermiddagstur eller kveldstur, og ruta følgjer gamle ferdselsvegar og seterstiar i bygda.

Ruteskildring

Turen startar frå klubbhuset på Løvoll. God plass til parkering ved kommunevegen tett ved klubbhuset. Følg kommunevegen heimover til Kleiva (mot nord), om lag 800 meter.

Sving av på ein traktorveg mot høgre rett før ein raud garasje. Her er det skilta til Veibergsætra. Du følgjer den gamle bygdevegen nedover Kleivadalen. Normalt passerer du gjennom to grinder før du skal ta av på sti mot høgre (aust). Hugs å late att grindene etter deg. Her går ofte dyr på beite. Der stien tek av til høgre, står det skilt mot Veibergsætra. Kring 50 meter etter denne stistarten kryssar du ein bekk/lita elv med ei ny bru. Etter elvekryssinga skråar stien utover lia mot nordaust. Du går stort sett i variert lauvskog og fin blåbærmark og stien er tydeleg. Nokre hundre meter før setra, kjem det opp ein sti frå venstre (ikkje lett å oppdage han). Dette er den gamle sætreråsa frå Veiberg, og dersom du vil ha ein kort rundtur, kan du gå nedatt her på returen, og svinge nedom utsynspunktet på Kleivahammaren før du går oppatt til Kleiva og vidare til p-plassen på Løvoll.

Det siste stykket fram til setra er nærmast flatt. Du kjem fram til ein open setervoll der det står att eitt sel og ruinane etter eit anna. Posten er plassert på selveggen på det attståande selet. 

Tilkomst og parkering

Du køyrer fylkesvegen frå Eidsdal sentrum mot Geiranger. Etter omlag 10 km kjem du til Eidsvatnet, og her følgjer du skiltinga nordover mot Kleiva. Parker ved klubbhuset til Eidsdal IL (Gammalt skulehus med påbygg). Klubbhuset ligg på høgste punktet av vegen, etter vel 2 km frå Eidsvatnet. Det er også muleg å parkere på P-merka plass på Kleiva, ved enden av vegen, men her er det avgrensa plass (plass til 3-4 bilar).
Fottur
Grønn
Lengde
2,40 km en vei
Stigning
95 m
Tidsbruk
1 t. ein v
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
542 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Grus 0,0
Sti 2,2

Offentleg transport

Det er krevjande å komme seg til turstart utan bil då det går få bussruter mellom Eidsdal og Geiranger, og endå færre går oppom Løvoll.

Anna

Klubbhuset til Eidsdal IL er opphaveleg eit gammalt skulehus som stod på Eide. Det vart flytta til Løvoll i 1970- åra og vart påbygd inn på 2000-talet. Turen går via den gamle bygdevegen "Kleivane". Veibergsætra med setervoll og gamle sel.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut