English

Vegardvarden i Søvik

Haram

Kort om turen

Turen til Vegardvarden består av 50% grusveg og 50% sti/rås. På toppen er det fin utsikt over Søvika, Gamlem, Nordøyane og Ålesund. OBS: Graderinga er endra frå grøn til blå!

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du oppover i retning Gamlemsveten ca 100m og tar til venstre ved første skilt. (Grusa veg)

Etter ca ca 400m vil du møte ei postkasse, ein benk og skilt mot varden ved ei opa slette der det ligg nokre pallesekkar med ved. Ta deretter av oppover mot i retninga skiltet viser. Etter 100m kryssar du ei elv og skal deretter ta til venstre over ei myr. Myra har godt med bruer og du forblir tørrskodd.

I enden av myra møter du eit nytt skilt mot høgre.

Dei neste ca 100m er ganske bratt og på toppen av etappen finn du eit skilt der det står Vegardvarden (venstre).

Etter ca 100m igjen kjem eit nytt skilt mot Vegardvarden (høgre). Her er det slakk stigning men veldig godt merka og opptrakka heilt til toppen. På toppen finn du ein benk, ein varde og ei postkasse samt god utsikt over Søvika, Gamlem, Nordøyane og Ålesund.

Tilkomst og parkering

Kjem du frå Brattvåg, køyr gjennom Søvik sentrum og mot Hamnsundet. Køyr forbi småbåthamna og ta av til venstre der vegen svingar til høgre langs fjellfoten mot Hamnsunddet/Grytestranda.
Kjem du frå Grytestranda: Ta av til høgre rett etter den lange svingen langs fjellfoten frå Hamnsundet. Følg grusvegen oppover mot fjellet. Etter nokre hundre meter kjem du til ein garasje. Ta til venstre og parker på oversida av garasjen. Parker ikkje framfor garasjeporten.
Frå 2023 er det bomveg til parkeringa, der midlane skal gå til opprusting og vedlikehald av vegen.

Fottur
Blå
Lengde
2,32 km en vei
Stigning
267 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
346 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,2
Sti 2

Offentleg transport

Næraste busstopp er Søvik skule. Fra stoppet går du sørover i ca 100m og tar til venstre ved skiltet mot Gamlemsveten. Følg denne vegen til du møter eit vegskille med to grusvegar. Du skal gå opp til venstre for å finne parkeringplassen ved «garasja». Her startar turen.

Anna

Det er ein 200 år gammal steingard som frå gammalt av delte Søvika frå Gamlem ca 300m frå toppen.

Kart

Ut.no, Gule sider Kart og Google Maps

Betalingsmiddel for bomvei

vipps eller betaling til konto
Køyreskildring
Print ut