English

Vassdalsskaret frå Vallasetrevegen

Ørsta

Kort om turen

Ein fin og jamn tur gjennom Nupadalen.

Ruteskildring

Frå start følger du Vallasetervegen heilt til du kjem til ei elv nedfor ein foss, med betong-bru over. Kort etter brua ser du skilt til venstre med "Vassdalsskaret 1,8km" og "Årsetstøylen 4,5km". Fortsett opp i skogen og følg stien. Jamn og fin stigning i lyng og gras nesten heile vegen. Fleire høve til å fylle vassflaska. Noko uklar sti her og der oppe i dalen, men det går fint å finne den igjen om du tek deg god tid. Dei siste 50 høgdemetrane er det nokre parti med litt stein, men du kan ikkje bomme så lenge du siktar deg inn på skaret.

På toppen ser du ned på Vassdalsvatnet. Mot aust ser du opp på Vassdalstinden, og mot sørvest baksida av Saudehornet og Kyrkjetinden. Her kan du også fortsette turen til Årsetstøylen, og eventuelt ta returen over Bjørnaskaret og ned igjen til Vallasetra.

På veg ned deler stien seg nokre plassar, spesielt rundt 500 høgdemeter, og det er lett å ende opp på feil sti. Hald deg nær elva for å unngå dette. Litt mobildekning heile vegen, men veldig svakt signal mot slutten.

Tilkomst og parkering

Følg Engesetvegen til endes frå Kiwi Vallabøen. Asfaltert heilt til den siste garden på vegen. Der grusvegen byrjar er det bompengar til Vallasetervegen (30 kr 2022). Etter 500m kan du parkere på grusplassen før grinda, eller køyre lenger opp. God plass til fleire bilar, men eit populært turmål i fint vêr. Ruta i turskildringa her startar på ei snue med ein stor stein i midten og skilt til "Gamlesetervegen". Det er også fint å sykle fram.

Fottur
Blå
Lengde
2,85 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
2 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
610 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,5
Sti 2,35

Offentleg transport

FRAM rute 342 (skulebuss) køyrer frå Ørsta rutebilstasjon og stoppar ved Asko (Kiwi). Ellers er det 1,3km til fots/sykkel frå rutebilstasjonen til Kiwi, og 3,5km vidare til startpunktet i ruteskildringa.

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps, kontant (kr 30 2022)
Køyreskildring
Print ut