English

Vassbotnen-Vardeheida-Botnasætra-Vassbotnen

Volda

Kort om turen

Ein variert og fin rundtur. Store delar av turen går i fin furuskog og med flott utsikt! Ta gjerne ein rast ved Vardevatnet. Denne ruta tek avstikkaren ned til vatnet. Ved Botnasætra er det også verdt å ta ein stopp og nyte utsikta. Frå Botnasætra og ned, har du fleire val. På denne ruta har vi valt skogsvegen, men du kan også gå gamleråsa

Ruteskildring

Frå parkeringa følger du vegen vidare langs Rotevatnet. Når du kjem til ein granskog etter ca. 0,8 km, kan du ta stien gjennom skogen. Ev. kan du følge vegen 150 m til, til du kjem til ei turtavle/skilt. Ta av på skogsvegen skilta mot m.a. Skarphornet. Følg skogsveg om lag 1,5 km, og så skilting til Skarphornet. Følg merka sti heilt til du kjem opp til Vardevatnet, ca 1,6 km. Ved punkt (N62° 07.491' E6° 09.602'), 580 moh., skal du følge stien vidare rett fram og opp til Vardeheida (skilta). Stien er sporadisk merka med raude merkepinnar.

Før du går vidare frå dette punktet, kan du ta ein avstikkar til høgre ned til Vardevatnet (skilta til Skarphornet). Her kan det vere fint å ta ein rast.

Like etter vardane oppe på Vardeheida kjem du inn på stien som går til Skarphornet (N62° 07.561' E6° 10.203' - 633 moh.). Ta av til venstre/nordover og følg merkestaur ned til ein tydeleg sti. Ta til venstre (skilta til Botnasætra) og snart er du på Botnasætra. På denne ruta har vi lagt inn skogsveg ned att til start, men gamleråsa har blitt rydda, og du kan velge om du vil ta denne heile eller delar av turen ned att. Du kan t.d. gå inn i skogen ved Huldresteinkjelda og gå stien ned herifrå.

Tilkomst og parkering

Turen startar i Vassbotnen. Frå Volda sentrum følger du E39 mot Fyrde. I rundkjøringa ved høgskulen/Kiwi følger du skilting mot Vikebygda på Vikebygdvegen. Ta etter kvart av mot Vassbotnen og Golfbane og køyr ca 1,6 km, til du kjem til parkeringsplassen ved Botnasanden.

Fottur
Blå
Lengde
8,23 km rundtur
Stigning
610 m
Tidsbruk
3t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
633 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Grus 0,8
Sti 6,8
Ingen sti 0,23

Offentleg transport

Det er mulig å gå eller sykle til start.

Kart

Nærturkart Volda, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut