English

Varguraksla

Ålesund

Kort om turen

Variert tur, først på grus, over myr og gjennom tett blandingsskog før du får kjensla av topptur opp til flata på toppen.

Ruteskildring

Følg grusvegen opp mot Måslia. Der vegen flatar ut vil du finne merkepinnar på venstre side som viser veg til Varguraksla. Du må først krysse myra opp mot skogkanten. Herifrå går den nymerka sti opp gjennom forholdsvis tett blandingsskog før det etterkvart opnar seg opp når stien svingar ut mot ryggen av fjellet. Her går stien ganske tett mot kanten, men det er god plass til å gå lenger til høgre for dei som ikkje likar at det er bratt utfor. Ryggen er brei og trygg å gå på. På toppen er det flatt og god plass til å nyte den flotte utsikta, men det er svært bratt utfor kanten. 

Tilkomst og parkering

Parker på den store parkeringsplassen på Ørskogfjellet. Turen er skilta frå toalettbygget der.

Fottur
Blå
Lengde
2,99 km en vei
Stigning
458 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
731 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,2
Sti 2,8

Offentleg transport

Ja, timeekspressen går forbi kvar time.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut