English

Vardehornet via Risanakken

Ørsta

Kort om turen

Ein fin tur til Vardehornet mellom Vartdal og Nordre Vartdal

Ruteskildring

Dei fleste rutene til Vardehornet går frå lenger inne i dalen, og deler startpunkt med til dømes den julianske borg. Denne ruta startar frå ein sving i Sætrefeltet på Vartdal, og går via det populære turmålet Risanakken. Dit er det godt merka, og ganske bratt skogssti. På Risanakken er det fint å ta ei pause og nyte utsikta over Vartdal.

Vidare siktar ein seg inn mot Sætshornet. Fare for litt vått terreng rundt Risanakken, men ganske fin sti vidare oppover. Pass på å følge ruta i kartet vidare, då det går ein del stiar på kryss og tvers i fjellet. Litt steinur, og lite definert sti siste partiet til Sætshornet. Frå Sætshornet er det ganske flatt og fint, med delvis opptrakka sti. Enkelt terreng uansett kor du går, med litt ur til slutt avhengig av kva rute du tek. Du kan gå longs kanten, eller fortsette aust og nå mjukare terreng før du svingar nordover mot toppen.

Oppe på Vardehornet er det stupbratt ned til Nordre Vartdal, pass på viss du skal kike over kanten. Ellers fint og ope terreng, med veldig kort veg til både Isflålabyrinten og den Julianske borg på same platået. God utsikt over heile fjorden, Hareidlandet, Sula, Bergehornet og Levandehornet mot sør, og dei fleste kjende tindane i nærområdet.

Tilkomst og parkering

Sving av E39 på Vartdal ved skilt mot "Årsetdalen" og køyr ca 1km til Sætrefeltet. Parkering i nærområdet på eige ansvar, vis hensyn til gardsdrift og bebuarar. Startpunktet er ikkje longt frå forsamlingshuset Soltjeld.

Fottur
Rød
Lengde
4,45 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
4 t. 30 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
983 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4
Ingen sti 0,5

Offentleg transport

FRAM rute 100/101 passerer Vartdal kvar time på dagtid.
Køyreskildring
Print ut