English

Vardehornet - Fiskå

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein lett tilgjengeleg og mykje nytta trimtur, der du kjem fort høgt opp via bratt grusveg og vidare oppover via rås. På toppen er flott utsyn over Fiskå, Syltefjorden, Slagnes og mot Stadtlandet. Frå Vardehornet har ein også gode turmoglegheiter vidare innover fjella.

Ruteskildring

Frå parkeringen krysser du riksvegen og tek til venstre bortover gangvegen ca 100 meter. Ta til høgre ved blått skilt og følg asfaltert veg mot fjellet. Rund første låve på venstre side og hald fram oppover. Det blir etterkvart grusveg. I skogen deler grusvegen seg i to. Hald til venstre og følg blå pil (Om du går til høgre og følgjer grøn pil kjem du til Vassverket, sjå annan tur). Grusvegen går sikksakk oppover, med dei brattaste bakkane mot slutten. Når du kjem til enden av grusvegen går det ei rås vidare opp over. Følg denne råsa oppover. Etter eit lite stykke når du Nupen. Frå Nupen følgjer ein råsa vidare eit lite stykke innover fjellet, mot strandavatnet. Før du når Strandavatnet delar råsa seg i to. Her tek du til venstre og går over på råsa som går opp mot Vardehornet. Det er godt merka. Den siste kneika før ein kjem opp er litt bratt. Her må ein trå forsiktig. Frå toppen får du fin utsikt over Fiskå, Slagnes og Stadtlandet.

Tilkomst og parkering

Følg skilting til Fiskå sentrum, og parker ved Combisenteret/Rådhuset.
Fottur
Blå
Lengde
3,30 km en vei
Stigning
574 m
Tidsbruk
3 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
580 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut