English

Valle, turveg med eventyrfigurar

Ålesund

Kort om turen

Hyggeleg tur langs grusveg frå Kiwi på Valle og over til hotellet på Glomset med eventyrfigurar langs vegen. Leit godt i skogen etter grevling, rev, pinnsvin, bjørnar, ekorn og sommarfuglar. Plutseleg er det auge som kikkar på deg frå ei troll i skogen eller koslege eventyrfigurar på trea. Turvegen blir brøyta AV OG TIL med ATV om vinteren. 

Ruteskildring

Start ved Kiwi på Valle. Gå på nedsida av Kiwi langs gangvegen eit lite stykke. Sving så opp til venstre og gå Smisundvegen opp forbi Valle barneskule. Sving av til høgre og gå langs den øvre kanten av skuleplassen  og inn på grusvegen som går langs eit boligfelt opp mot skogen. I skogkanten svingar vegen til venstre og du kjem snart til ein open plass. Her står det skilt opp bakken mot Glomset. Denne første bakken er litt lang og kan vere tung med barnevogn, men heile turen er på god grusveg. Turen er hyggeleg laga til med fine figurar langs vegen. Det meste av turen går i småkuppert, ope terreng. Innimellom er det tett granskog som er fin for å "dyra" å gøyme seg i. Det er ein kvilebenk midt i den lange bakken og to store rastebord langs ruta frå LHL. For å sjå alle figurane må de gå heile turen. 

Tilkomst og parkering

Parker ved Kiwi på Valle.

Fottur
Grønn
Lengde
2,61 km en vei
Stigning
107 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
115 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Grus 4,6

Offentleg transport

Ja, Fram ekspress

Kart

Ålesund
Køyreskildring
Print ut