English

Utsikta - panoramatur langs fjellkanten mellom Nupen og Fiskåbrauta på Fiskå

Vanylven

Kort om turen

Dette er som namnet seier ein tur der utsikta er sentral. Turen går langs fjellkanten ovanfor Fiskå, og ein har panoramautsikt mot Fiskå og områda rundt. 

Ruteskildring

Ruta som kartet viser tek utgangspunkt i start litt nedanfor parkeringsplassen på Fiskåbrauta og turslutt på Nupen. GPS-fila som du kan laste ned om du vil har same utgangspunkt og slutt. Parkerer du på Fiskåbrauta kan du følge svart strek på bilete inn på gps-sporet.

Men denne turen kan ein gå fram og tilbake frå Nupen eller Fiskåbrauta, eller ein kan gå den som ein rundtur kombinert med andre turar. Tek ein den som rundtur frå Fiskå sentrum vil dei bratte partia på turen vere på veg. Vegen til Nupen er bratttare enn vegen til Fiskåbrauta, og mange vil nok like betre å gå bratt opp enn bratt ned.

Det typiske landskapet i Vanylven er U-dalar forma av dalbrear i istidene. Dette har igjen gitt bratte fjellsider opp frå dalane, som høgre oppe i stor grad går over i slakare fjellområde. Rundt Fiskå startar desse slakara fjellområda i ei høgde mellom 400 og 600 m.o.h. I denne grenseområdet mellom bratt og slakt terreng er utsikta god, og turen Utsikta er lagt i akkurat dette grenseområdet

Tilkomst og parkering

Ein kan parkere langs vegen mot Fiskåbrauta, eller på innegjerda parkeringsplass på Fiskåbrauta. Går ein motsett veg kan ein parkere ved Combisenteret i Fiskå sentrum.

Fottur
Blå
Lengde
3,10 km en vei
Stigning
263 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
587 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6

Kart

Turkart for Vanylen - til sals i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant
Køyreskildring
Print ut