Familievenleg tur i Fiskerstrandmarkane. Fint uteområde vest for Storevatnet med gapahuk, bålplass og aktivitetsløype, ca 10-15 min. gange frå parkeringsplassen. Godt opparbeidd sti, men ved mykje nedbør bør vanntett skotøy nyttast. Gode fiskemuligheter og rikt fugleliv. Stien blir ikkje brøyta vinterstid
Ein passerar ein opparbeidd badeplass på Storholmen ved Storevatnet, ca 5 min. gange frå Skjervane (om du vil innom der tek du til venstre der stien deler seg, istadenfor til høgre). Turen har og fleire gode utgangspunkt: Mauseidvåg ved barneskolen, Fiskerstrand ved Lømyra idrettsanlegg, i Veddesvingen eller ved Langevåg Skytterhus. Dei fleste krysspunkt i løypenettet er godt skilta.