English

Egilbu - rundtur

Ørsta

Kort om turen

Med si fantastiske utsikt over Hjørundfjorden og Sunnmørsfjell, er Urkeegga verkeleg verdt eit besøk! Saksa Turistforening har tilrettelagt turen med merking og skilting. Gapahuken Egilbu vart opna i august 2019 og har utsikt i verdsklasse! Det er også tilrettelagt med feste for hengekøye.

OBS: Dette er ein krevjande tur vi anbefaler å vente med til ut på sommaren, når snøen har smelta.

Ruteskildring

Start ved Myrsetra i Urkedalen. Framover Langseterdalen via Jenteskaret med retur om Maudekollen (1021 moh) og Klokksegga (944 moh). Flott utsikt over Urke, Øye og Norangsfjorden/Hjørundfjorden.

Stien over Urkeegga er god og bra merka, men det er bratt og ganske luftig. Du vel sjølv om du vil starte roleg og ta den tøffe kneika ned til slutt, eller gå motsatt veg, starte tøft og avslutte roleg.

Tilkomst og parkering

Det er godt tilrettelagt parkering ved Myrsetra som ligg på høgre side av Urkedalen. Ta av frå Urkevegen (fv), det er omlag 3,3km til Myrsetra. Der er også ein mindre parkeringsplass i enden av Haugemyrvegen dersom ein ønske å gå motsatt veg med brattaste delen først (på Furehammaren). Det er omlag 2,1 km frå Urkevegen.

Fottur
Rød
Lengde
9,44 km rundtur
Stigning
996 m
Tidsbruk
4 t. 55 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1029 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 8,5

Kart

Sunnmørsalpane Aust

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant
Køyreskildring
Print ut