English

Turvegen på Alvestad

Haram

Kort om turen

Å gå langs turvegen på Alvestad er reine idyllen. Det er ingen krevjande parti langs grusvegen og ein går både gjennom tette skogsområde og i ope lende med utsikt mot Nordøyane i Haram.

Ruteskildring

Har du parkert på parkeringsplassen ved skulen på Hildre, går du forbi skuleområdet og opp til starten av turvegen. Frå grusbanen nedom leikeapparata går du opp forbi leikeapparata (på sida mot anlegget til Gropa Racing) og opp ein brei sti som går inn på turvegen. 

Med unntak av ein slakk bakke snor den idylliske grusvegen seg flatt bortover mellom skogkanten og busetnaden frå Hildre til Alvestad. Det er stort sett ope lende, men når ein nærmar seg Alvestad går ein gjennom ein tett granskog med ein mosegrodd steinkant langs med. Her må du sjå godt etter! Langs steinkanten kan du finne steinar som det er måla oppmuntrande og fine ord på, eller du kan finne knallraude fluesoppar, troll, marihøner og andre spennande ting. Kanskje oppdagar du også trea med auger som følgjer med deg når du går forbi?

På Alvestad har Alvestadreiten og Alvestad Utmarkslag reist ein flott gapahuk med grue og sittebenkar i. Her kan du ta deg ein god kvil før du snur og går tilbake. Langs heile turvegen er det også benkar som du kan ta deg små pauser ved.

Turvegen opna i 2016, og har sidan blitt flittig brukt både til gåturar og sykling. 

Tilkomst og parkering

Frå Hildrestrandvegen tek ein av ved skilting mot skular, og vidare mot Montessoriskulen på Hildre. Her kan ein enten parkere på skilta parkeringsplass til skulen eller på gammal grusbane nedanfor leikeapparat litt lengre framme.

Ein kan også starte turen frå Alvestad, på skilta turparkeringsplass mellom Raffelgarden og kraftstasjonen på Alvestad.

Fottur
Grønn
Lengde
1,47 km en vei
Stigning
38 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
47 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,47
Køyreskildring
Print ut