Dette er ein tur med jamn stigning på grusveg. Fra toppen av turheisa er det flott panoramautsikt over heile Borgundfjorden, Rødset, Spjelkavik og øyane utover mot havet.
!OBS! Det vil pågå arbeid i traseen under heisen, så alle oppfordres til å følge oppsatt rute via turvegen.
Turen starter frå parkeringsplassen ved Spjelkavik IL sitt klubbhus. Den kortaste vegen til toppen av Turheisa er å gå på sti opp slalombakken. Denne ruta har relativt bratt stigning.
Det beste alternativet som er litt slakkere, men lenger, er å gå ca 1,5 km oppover grusvegen i retning Geitnausa også kalt Bigtonløypa. Etter å ha passert ein flott gapahuk på venstre side av stien, fortsetter en eit lite stykke vidare. Der deler stien seg og det står det en vegviser med skilt til høgre mot Turheisa. Stien her er grusa. Stikk-ut posten er plassert på austveggen på turheisbygning på toppen av turheisa.
Spjelkavikas Venner gjer ein formidabel innsats med vedlikahald så om ein har sjansen kan ein godt vippse eit bidrag til dei. Vipps-skilt står på bommen i byrjinga av turen.
I Spjelkavik er det skiltet mot Turheisa. Kjør fram til Spjelkavik stadion og ta til høgre, deretter venstre for å komme til Spjelkavik IL sitt klubbhus. Her er det stor parkeringsplass og ein kan Vippse 20 kr til idrettslaget for vedlikehold\brøyting av parkeringsplassen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 2,87 |