Fin tur i skogsterreng langs lysløypa på Bondalseidet
Gå til varmestova. Ta på ski og følg lysløypa til første løypedele. Ta til venstre og så 300m til og gå rett fram i løypedele mot Åmskaret. Her kan ein ofte velje mellom 2 parallelle løyper, Vel den til høgre og gå i ei løype med små opp- og nedoverbakkar over ei stor bru og vidare mot Åmskaret. Fint skogsterreng heile vegen. Ofte dyr i skogen å treffe på. Hald fram vidare til du kjem til Vielvbrua og posten om lag 2 km frå starten. Her kan du halde fram til Åmskaret
Parker ved Ørsta skisenter
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 3 |