English

Gapahuk Dalsmunnen Osdalen

Ørsta

Kort om turen

Turen til Gapahuken Dalsmunnen Osdalen er fin for familier. Den er kort med jamn stigning heile vegen, anten ein går stien eller skogsvegen. Flott utsikt mot Hovdebygda og omland. 

Ruteskildring

Frå parkering ved Lunneplassen kan du gå både skogsvegen eller stien. Frå nederste parkeringsplass ved mykje snø, følg vegen til Lunneplassen. Informasjonstavle er ved Lunneplassen. Følg skogsvegen ca 100 meter så startar stien. Det er jamn stigning heile vegen til gapahuken. Langs skogsvegen er ei sittegruppe i stein litt over halvvegs til gapahuken. Fint å ta ei pause her om det er behov. Ein får auge på gapahuken etter ca 0.8 km som er målet for turen. Vinterstid med mykje snøv er øvre parkeringsplass Lunneplassen stengt. Turen er då ca 250 meter lengre. God tur.

Tilkomst og parkering

Frå E39 ta av mot Rystefeltet. Der er informasjonstavle ved starten av Rystefeltet. Det er mogleg å kjøre både Leitevegen og Osborgvegen for å kome inn på Oklavegen. Frå Oklavegen ta inn på Osskarvegen, og kjør 450 meter til parkering ved Mørenett eller 700 meter vegen er open. MØRENETT HAR GITT LØYVE TIL PARKERING AV BILER, MEN VIKTIG Å IKKJE STENGE TILKOMST TIL BYGGET. DER ER 5-6 OPPMERKA BILPARKERINGSPLASSAR. NÅR VEGEN TIL ØVRE PARKERINGSPLASS/LUNNEPLASS ER STENGT SJÅ BILDE
Fottur
Grønn
Lengde
1,53 km tur/retur
Stigning
132 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
297 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0.8
Sti 0.76

Offentleg transport

Ved E39 er der busstopp frå Volda ved inngangen av Rystefeltet,følg så gangvegen til infotavle. Frå Ørsta ca 300 meter forbi krysset, kan då gå tilbake til infotavle ved inngangen av Rystefeltet.

Kart

Sunnmøre Ørsta
Køyreskildring
Print ut