Lett familietur som endar opp i gapahuken ved Brudevikvatnet. Vatnet har godt med fisk for dei som er interessert i det, og fin badeplass for ungar. Overnatting kan gjerast i gapahuken, der er liggeplass til mange. Den er open for alle.
Turen går i lett terreng, det er nesten berre to motbakkar - ein i starten og ein når det nærmar seg slutten på turen. Råsa er for det meste god , og ho er godt merka.Det bør reknast 1,5-2 t. på turen, alt etter alder og form.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 7 |