English

Breifjellet frå Hovsetmarka

Ulstein

Kort om turen

Turen til Breifjellet er ein fin tur på opparbeida gruslagd turveg. Turen har fleire rasteplassar/ bord langs vegen. Når ein nærmar seg toppen kan ein nyte fin utsikt innover mot Sunnmørsalpane, utover skjergarden i Ulstein og heilt til Stadt om verforholda er gode. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen i Hovsetmarka går turen langs den gamle riksvegen mot Hareid. Ein følgjer vegen austover i ca 300 meter før ein tek ein av til venstre nordover opp ein slak bakke, forbi vassbehandlinganlegget og over myra på Gamleeidet. Det er fleire rasteplassar vidare langs turvegen, og den første finn vi etter 1,3 km, den andre etter 1,6 km og den tredje etter 2 km.

Frå denne rasteplassen blir turvegen brattare. Når ein so nærmar seg toppen, etter vel 2,4 km, tek ein av til høgre austover mot Hareid og Kiberget. Dei siste 150 meterane går flatt innover mot målet. Her kan ein sette seg ned og nyte utsikta over fjella og skjergarden..

Tilkomst og parkering

Turgåarar i området kan parkere i øvre del av Hovsetmarka. Det er viktig å merke seg at dette også er ein snuplass, og det er parkering forbode kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Fottur
Grønn
Lengde
2,41 km en vei
Stigning
182 m
Tidsbruk
1 t.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
346 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,41
Køyreskildring
Print ut