English

Tur til Berget

Ørsta

Kort om turen

Rundt omkring i Hovdeåsane og ved Hovdevatnet er det eit nettverk av turstiar. Der er fleire kvilebenkar og ein gapahuk ved Hovdevatnet. Turen er eigna med rullestol/ rullator eller barnevogn, men ikkje i perioder med mykje nedbør då det er enkelte områder langs vatnet vått og gjørmete. 

Ruteskildring

Frå parkeringa ved Hovden Møbel går ein på stien mot sør ned mot Hovdeelva. Ved brua over elva kan ein gjerne ta ein avstikkar ned langs elva for å sjå på kulturminna med kvernhus og vassrenner. Ein går så over brua og følgjer skiltinga til Hovdevatnet. Når ein kjem til Hovdevatnet, tek ein til venstre og går stien/vegen til Gapahuken ved Hovdevatnet. Retur samme veg tilbake. Dersom ein ynskjer ein rundtur kan ein gå vegen opp mot osen på austsida av vatnet og halde fram til ein kjem til ein bilveg og nokre hus. Her tek ein til høgre og følgjer Ytrehovdevegen tilbake til Hovden Møbel. Ytrehovdevegen har ikkje fortau/gangveg, men er forholdsvis lite trafikkert.

Tilkomst og parkering

For å kome til startpunktet tek ein av frå E39 ved Hovdebakken og inn på Ytrehovdevegen (siste kryss før flyplasskrysset når ein kjem frå Ørsta). Køyr ca 1 km på Ytrehovdevegen til Hovden Møbel. Parkering enten på oppsida av anlegget. På austveggen, øvre side, er der ei informasjonstavle over alle stiane i området.
Fottur
Grønn
Lengde
3,22 km rundtur
Stigning
49 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
97 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,2

Anna

Kulturminne ved Hovdeelva med kvernhus og vannrenner
Køyreskildring
Print ut