English

Tredjevatnet

Haram

Kort om turen

Tredjevatnet ligg i enden av den om lag 4 km lange vegen gjennom Hildredalen. Etter ei lang slakke og litt stigning kjem ein til det idylliske Hildrevatnet med nærleik til fleire flotte fjell. På veg nedigjen får du ei flott utsikt mot Nordøyane og skipsleia.

Ruteskildring

Følg grusvegen oppover til du kjem til ein bom. Denne går du forbi og passerer ganske snart også skyteområdet til Hildre og Brattvåg skyttarlag. Vegen går vidare i slakk stigning, men med nokre mindre brattare parti. Når du er ferdig med stigninga og vegen flatar ut, kjem du snart til Hildrevatnet. Her er det langgrunt i nordenen og fint å ta seg eit bad i på varme sommardagar.

Vegen går vidare langs og forbi vatnet, der det også ligg fleire hytter, og etter om lag 1 km til kjem ein til enden av vegen ved Tredjevatnet.

Hildredalen og Tredjevatnet ligg omkransa av det fleire flotte fjell, melom anna Gamlemsvetem, Hildrehesten og Omnen. På veg tilbake får du nyte ei flott utsikt mot Hildrestranda med hav og øyar utanfor. Ekstra vakkert å sjå sola gå i havet sommarhalvåret.

Vegen til Hildredalen har godt grusdekke, og eignar seg også for sykkel og vogn, eller ski om vinteren når om forholda ligg til rette for det. Ein kan nok også nytte elektrisk rullestol langs vegen når det er tørt. 

Frå nordenden av Tredjevatnet kan ein gå til Omnen eller vidare til Litle Grytavatnet og Store Grytavatnet.

Tilkomst og parkering

Frå Hildrestrandvegen tek du av ved skilting til skule. Følg vegen rett fram til du passerer ei bru som går til byggefeltet Dalmo. Om lag 50 meter forbi kan du parkere på høgresida.

Fottur
Blå
Lengde
4,23 km en vei
Stigning
205 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
226 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut