Turen startar øverst i byggefeltet i Åheimslida. Ein går opp anleggsvegen, mot brønnen som forsyner byggefeltet med vatn.
Etter omlag 600 mtr på grus begynder stien, her er også eit sti-kryss som er skilta. Ein går stien mot høgre, som er greit merka mot Løvollsnipa. Ein går først i nordlig retning, før ein svingar sørover og svingar opp på platået ved Lyngfjellhola ca 1.5 km frå start.
Her er to sammenraste fangst-graver frå tidenes morgen, i nærheta av sjølve varden, dersom nokon har interesse av det. Den eine står 50-60 mtr over stien, 100- 150 mtr før varden og den andre er er forbi varden og ned i bakken et stykke.
Dei kan vere litt vanskelige å finne, då mose og terreng skjuler dei, men veit du kva du leitar etter so finn du dei.
Ei nydelig utsikt i lyngfjellhåla, her du ser både mot Nordfjord og Stadten/ Vanylvsfjorden.