English

Toåa tursti (vinter)

Surnadal

Kort om turen

Det som gjer denne stien attraktiv, er først og fremst nærleiken til elva Toåa, men også fleire trivelege rasteplassar og gapahukar langs ruta. Elles kan du velje om du vil gå stien tur-retur, eller om du vil gå ein av to mulege rundturar.  

Ruteskildring

Køyr innover mot Todalen etter Todalsvegen (Riksveg 671). Fortsett rett fram til du kjem til Todalen kyrkje. Den ligg ca. 14 km frå Todalskrysset ved Haugahylla. Her kan du køyre inn til venstre og parkere ved kyrkjemuren, like ved skilta som viser startpunktet for turen.

Frå parkeringa ved Todalen kyrkje går du vidare i same retning som du kom køyrande. Etter ca. 270 meter kryssar du vegen og går inn på Toåa tursti. Herifrå er det berre å følgje den oppgrusa turstien langs Toåa. Stien er universelt utforma fram til den første gapahuken, der det òg er ein fiskerampe for rullestolbrukarar. Her finn du både bålpanne og godt med sitteplassar. Stien vidare er ikkje universelt utforma, men har fast, fint grusdekke og er derfor likevel godt eigna for trilling, vel å merkje på barmark. Etter å ha gått ca. 1,1 km, deler stien seg i to. Viss du går til venstre, kjem du ned til elva og den trivelege gapahuken i Gunnøya. Tek du til høgre, finn du eit tre med ei rekkje skilt som viser avstanden til andre stader innanlands og utanlands. Her finn du koden for Stikk UT! vinter. Sidan det er muleg å gå stien i begge retningar, er koden plassert her omtrent midt på turstien. Etter å ha gått stien til endes, kan du gå same veg tilbake, eller du kan gå ein rundtur ved å ta inn på asfaltert veg (Bordholmvegen) ved brua over Toåa. Kortaste veg tilbake til kyrkja får du ved å ta til høgre inn på vegen.

NB! Turstien blir ikkje brøyta på vinters dag, men det er jamn ferdsel her året rundt. Vanlegvis er det både skispor og fotefar etter gåande her når det er snø.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Todalen kyrkje
Fottur
Grønn
Lengde
1,86 km en vei
Stigning
4 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
9 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei
Køyreskildring
Print ut