English

Tjønnebru frå Sætrevika

Ålesund

Kort om turen

Tjønnebrua krysser elva mellom Mevatnet og Akslevollvatnet og er ein del av det nyaste løypenettet på ski i Svartløkområdet. Turen frå Sætrevika (Fylling) går i jevn stigning opp til Steinsetsætra, deretter litt småkupert før det går ned til Tjønnebruene. Her er det rastebord og stor grill.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen i starten av setervegen. Følg vegen til Steinsetsætra opp til første krysset der ein held til venstre og vidare opp til Steinsetsætra som er det høgaste punktet på turen. Rett etter sætra kjem ein til eit nytt kryss der ein tek til høgre. Litt småkupert terreng før du går bakkane ned til Tjønnebruene. Her må de rekne med ein del våte parti. Ein kan gå same vegen tilbake eller gå rundt Mevatnet og komme tilbake til Steinsetsætra. Turen kan også starte frå Brauta i Solnørdalen. Det er skilta til Tjønnebru derifrå.

Tilkomst og parkering

Kjør til Skodje sentrum og ta av mot Engesetdalen. Det er offentleg parkeringsplass ved Engesetdalsvegen i Sætrevika på Fylling, omlag 3 km frå Skodje sentrum. Det er ikkje parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Lengde
4,80 km en vei
Stigning
186 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
214 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 7
Sti 2,6

Offentleg transport

Nei

Kart

Ålesund

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut