English

Tindfjellet

Haram

Kort om turen

Turen til Tindfjellet er ein relativt tung tur, men utan vanskar. Store delar av turen går utan tydeleg sti, men deler sti mot Vestresetra det første stykket, samt er sti nokre stader oppover. Utsikta frå den dramatiske toppen er vid og storslått.

Ruteskildring

Tindfjellet (960 moh) er ein topp som heng saman med Blåskjerdingen og ligg i Ålesund kommune. Det er fleire ruter ein kan ta. Den vanlegaste ruta opp, som også er merka som Stikk-ut tur, går som følgjer (berekn 2-3 timar opp):
Start ved Sagåna i Vatnedalen 1,5 km nedanfor Krogsætra. Stien er den same som til Vestredalen og Vestresetra i starten. Stien følgjer stort sett på høgre sida av elva oppover. Når du kjem ut av skogen og på ein liten topp (før du går ned til elva) tar du 90 grader til høgre og følgjer ryggen oppover i boge mot Tindfjellet. Der går ein stort sett utan sti. Ein utydeleg sti kan dukke opp med jevne og ujevne mellomrom. Når ein har ca 400 høgdemeter igjen blir det ein del brattare og ein går stort sett på berg, ur og grus iblanda litt lyng. I toppområdet er det to vardar som står nærmast og vippar ute på kanten av eit stup. Her er det spektakulær utsikt over Sunnmørsalpane, til Blåskjerdingen, utover mot Ålesund, Nordøyane og storhavet.
Om ein vil utvide turen med eit besøk på Blåskjerdingen, kan ein fortsetje på ein smal egg, Tindfjelltraversen, over til Blåskjerdingen. Der er det stort sett sti. Ein kan ikkje vere høgderedd her og ein stad bør ein gå nedom eit utspring som er krevjande å forsere. Det er fullt mogeleg å gå denne ryggen for dei som har gått ein del i fjellet.
Ein kan, som eit alternativ, starte turen ovanfor Krogsætra og følgje den vanlege stien til Blåskjerdingen. Derfrå kan ein gå Tindfjelltraversen ut til Tindfjellet.
Eit anna alternativ er å starte frå Vestrefjorden og gå opp Tindfjellaksla. Denne ruta er bratt og krevjande, svært sjeldan brukt og ein skal vere særs fjellvant for å gå denne ruta. Det er ikkje noko vi anbefaler.

Tilkomst og parkering

Det er plass til to bilar der stien startar, samt to bilar til i nærleiken.

Fottur
Rød
Lengde
3,33 km en vei
Stigning
826 m
Tidsbruk
2,5 til 3
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
923 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,3
Ingen sti 2

Offentleg transport

Ingen offentleg transport
Køyreskildring
Print ut