Turen opp til Tennevatnet er ein kort og grei ettermiddags-kveldstur for dei som vil ta turen i ro og mak, eller ein fin trimtur for dei som vil gå i skikkeleg motbakke. Turen går på god men bratt traktorveg.
Slik ruta ligg plassert i terrenget er det sol relativt lenge på kvelden i høve til områda rundt både vår og haust, og dermed kan dette vere ein fin tur i kveldssola. Tennevatnet er og eit godt utgangspunkt for t.d. ein rundtur via Høgenipa. GPS-sporet går til høgste punktet av vegen. Der er det ein turpost. Ein kan og gå vegen vidare. Det er tydeleg rås (sti) frå enden av traktorvegen og fram til naustet på nordsida av osen ved Tennevatnet der Nordal krins har trimpost. Det høgste punktet på vegen ligg ca 550 m.o.h.
Vegen til Tennevatnet går i hårnålssvingar i det bratte terrenget og gir god trim. Det er ca 1300 meter får starten og opp til høgste punktet på vegen, og derifrå og bort til naustet på nordvestsida av vatnet er det ca 400 meter. Det er bratt veg heilt til topps, og der flatar vegen ut. Det er skilta mot Molegga, Hovlida og Høgenipa på toppen av traktorvegen. Det er ingen merka ruter vidare frå Tennevatnet, men ein rundtur via Høgenipa kan anbefalast. Frå osen ved Tennevatnet går det tydeleg rås eit stykke langs toppen av Store Blåfjellet og det kan vere ein god start i retning Høgenipa. Råsa til Trongdalen og vidare i retning Molegga finn ein lettast når ein kjem frå Trongedalen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 1,3 |