Turen til Taustua er ein enkel tur og fin å gå heile året då det vinterstid ofte er oppkøyrd løype. Taustua har åpen kiosk alle "raude" dagar og området rundt hytta er solrikt og høver godt for ein rast både sommar og vinter. Bak hytta er ein utedo som er ope heile året.
Turen startar frå parkeringsplassen i nordenden av Mausavatnet. Første del er ein gardsveg som går over i ein grusa tursti opp til ei bu. Ved bua har ein to val, anten gå vidare rett fram eller ta av 90 grader til høgre og følgje lysløypa vidare. Dersom ein går rett fram, må ein ta av til høgre omlag 150 meter lenger framme (ved ei bru) og så møtest dei to stiane lenger oppe. Då er det berre å halde seg etter skiltinga vidare oppover.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 3 |