English

Taksetnakken (408 moh)– Nakken rett opp

Vanylven

Kort om turen

Ein fin tur for dei som vil fort opp til vid utsikt i mange retningar, eller som berre vil ha ein fin trimtur i skikkeleg motbakke. Her er det jamt bratt store delar av turen oppover, og ein får god trening. På veg ned igjen kan ein gå ein slakare variant via 4H-hytta, og tilbake til startpunktet. 

Ruteskildring

Ein startar turen ved å gå i retning Taksetnakken og 4H-hytta. Taksetnakken rett opp varianten tek av frå turvegen like ved fjernsynsmasta ved foten av Taksetnakken. Frå fjernsynsmasta er det skilta, men merkinga som var der før er truleg vekk. Det er ca 1 km i avstand frå der ein tek av frå fjernsynsmasta, og opp til toppen av Taksetnakken. På mange kart er Taksetnakken ført opp med ei høgde på 401 m.o.h. Men det høgste punktet på toppen ligg 408 m.o.h. Går ein rett opp og tilbake same veg går ein vel 2 km, medan rundturen om 4-H hytta gir ein tur på ca 5 km.

GPS-fila som du finn lenger nede inneheld ei rute som går bratt opp til toppen av Taksetnakken, og deretter går slakt ned igjen via 4H-hytta. Siste vegkrysset og startpunktet for turen er skilta, og heile ruta er merka med blå merkepinnar og blå punkt i terrenget. På veg ned frå Taksetnakken går ein gjennom eit parti med myr der det er bygd små bruer og lagt ut nokre treflakar på dei våtaste partia. I dette området er det lurt å følgje den merka løypa for å sleppe å gå i blaut myr.

Tilkomst og parkering

For å finne starten på råsa (stien) køyrer ein frå Eidså og tek av i retning mot Syvde i krysset mellom riksveg 62 og 651. Etter 500 meter tek ein av til høgre og inn på den gamle riksvegen. Der køyrer ein vel 400 meter før ein kjem fram til vegstasjonen til Mesta. Rett før vegstasjonen er det ein skarp sving til høgre opp ein relativt bratt bakke, og her finn ein og dei første skilta i retning Taksetnakken. Parker ved vegstasjonen.
Fottur
Blå
Stigning
388 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
406 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut