English

Synnabu på Synnalandsheia

Haram

Kort om turen

Turen til Synnabu på Synnalandsheia er ein fin tur for heile familien. Frå gapahuken er det ei fantastisk utsikt over Brattvåg med fjell, vatn og fjordar rundt. Det går folk til Synnabu heile året og til alle døgnets tider. Om vinteren når det er snø er som regel alltid trakka gode spor dit.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går ein over demninga og forbi eit raudt skur. Når ein kjem til kryssande veg tek ein til høgre, men etter om lag 30 meter må ein vere påpasseleg å ta til venstre igjen der det står skilta «Til turløyper» og «Synnabu»). Fortsett forbi Brattvåg vassverk sin hovudbygning. Følg grusvegen oppover til den går over i skogsveg. På toppen av skogsvegen tek ein av til venstre og går resten av turen på tydeleg rås. 

Etter ei lang trebru på første flata skal ein ta av til venstre opp ei kort, men litt bratt rås opp gjennom skogen. Her er det taug ein kan halde seg i. Ute av skogen ser ein Synnabu til venstre. Då er det berre å følgje steinlagt rås fram til gapahuken og ta seg ein velfortent kvil og nyte den flotte utsikta.

Det er skilt til Synnabu alle stadar der stien deler seg.

Synnabu er bygd på dugnad av Brattvåg IL trimgruppa med Øystein Ryste i spissen. Gapahuken vart offisielt opna 11.11.2022 på Brattvåg sin 111-årsdag. Midlar til gapahuken er gitt av Sparebanken Møre. 

 

 

Tilkomst og parkering

Ved Haramssenteret i Brattvåg sentrum tek ein av til venstre og køyrer forbi Brattvåg barneskule. Ta av til venstre igjen og køyr forbi Brattvåg stadion. I første krysset etter Brattvåghallen tek ein av til høgre. Etter om lag 200 meter kjem ein til stor parkeringsplass på høgre side i nordenden av Synnalandsvatnet.

Fottur
Grønn
Lengde
1,32 km en vei
Stigning
213 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
287 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0.1
Grus 0,6
Sti 0,6
Køyreskildring
Print ut