English

Synken ved Sædalsvatnet

Sande

Kort om turen

Denne turen går på grusveg. Du har fin stigning oppover vegen til du kjem til Sædalsvatnet. Etter det går turen langs vatnet mot Synken. 

Ruteskildring

Frå parkering følger du vegen oppover mot Sædalen, etter om lag 600 m er det plassert ein gapahuk på høgre side av vegen. Her er fint for ei pause om du føler for det.  Følg vegen vidare oppover mot Sædalsvatnet, ved Kloven får du fin utsikt utover Gjerdsvika. Når du kjem til Sædalsvatnet er der eit skilt som peikar mot Synken, frå dette skiltet er det om lag 900 m til turmålet. Ved parkering er det plassert ei info tavle med kart som visar turane i Gjerdsvika, der også denne turen er indikert på kartet.

Tilkomst og parkering

Parkering ved forsamlingshuset Fredtun. Parkering ligg om lag 300 m nord frå Coop Marked.
Fottur
Blå
Lengde
2,71 km en vei
Stigning
201 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
210 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 5,4

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps nr. 520603
Køyreskildring
Print ut