English

Rotur til Svinøya frå Sunnmøre musem

Ålesund

Kort om turen

Det ligg to færingar til kai i Nørvasundet ved Sunnmøre museum. Desse to færingane som heiter Leia og Linge er til leige gjennom museet i sommarhalvåret.

Ruteskildring

Frå flytebrygga ror du austover mot bruene til hovudvegen som går over Nørvasundet. Ro vidare på norsida av Nørvasundet langs land til du passer ein liten våg, Stabburvågen, og kjem til eit neset der du ser heile Svinøya og Svinøyholmane. Sikt på sørsida av Svinøyholmane og ro over Svinøysundet. Her kryssar du også skipsleia til Breivika og Olsvika.

Når du passer Svinøyholmen ror du inntil flytebrygga som er offentleg gjestebrygge. Svinøya er statleg sikra friluftsområde med toalett på to stader på øya, 2 flytebrygger og ein stor opparbeid grillplass.

Det er ein gamal frukthage der du kan ta moden frukt som du et på staden, og det er gode moglegheiter for overnatting i hengekøye eller telt.

Tilkomst og parkering

Parkeringsplassen i starten av Museumsvegen (Sunnmøre Museum). 

Padletur
Blå
Lengde
2,36 km en vei
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Bussruter finn du på http://www.frammr.no

Beskrivelse av sjøforhold

Rotur i Ellingsøyfjorden i overgangen mellom delvis skjerma område og opnare fjord eksponert for vest og nordvest. Forholda kan difor fort endre seg i forhold til vind og sjø. Annan båttrafikk på påreknast. Padleleden kryssar småbåttrafikk til og

Anna

Færingane Leia og Linge kan du leige med Sunnmøre museum

Køyreskildring
Print ut