English

Svinøya frå Nørvasundet

Ålesund

Kort om turen

Padletur frå Gåseidet småbåthamn til Svinøya i Ellingsøyfjorden. Vestenden av Svinøya er statleg sikra område og tilrettelagt med flytebrygger, toalett, grillplass og gode moglegheiter for overnatting med telt eller hengekøye

Ruteskildring

Padle ut og rundt småbåthamna og mot Gåseidholmane. Der setter du kursen nordover og kryssar over sundet mot Larsgården. Padle austover vidare langs land til du kjem til neset og ser Svinøya og Svinøyholmane. Sett kursen mot sørsida av Svinøyholmane og kryss fjorden. Her kryssar du skipsleia for nyttetransport til mellom anna Breivika/Olsvika. Når du passerer Svinøyholmen padlar du nordover og inn til ei skjerma småsteinstrand og flytebrygge/gjestebrygge. Her er eit ope område med grasmark og toalett. Det går god sti opp ei kort bratt kneik til ei slette og mark som er godt eigna til overnatting. Anten med telt på marka eller hengekøye i skogen like ved. Fortsett vidare til "tunet" der det er opparbeida bålplass og ope område. Ein ser restane av gardshuset som ein gong stod her, og ein frukthage med gamle frukttred. Du kan ta moden frukt som du et på staden, men ta omsyn slik at andre som kjem etter deg og kan få moglegheit til å kose seg med frukt .

Tilkomst og parkering

Parkering og sjøsetting ved Gåseidet småbåthamn. Du kan køyre inn på hamneområdet og sette av kajakk og utstyr. Men gjer vel og nytt parkeringsareal på utsida av hamneområdet (før undergangen under hovudvegen). 

Padletur
Blå
Lengde
1,96 km en vei
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Beskrivelse av sjøforhold

Kort padletur i Ellingsøyfjorden i overgangen mellom delvis skjerma område og opnare fjord eksponert for vest og nordvest. Forholda kan difor fort endre seg i forhold til vind og sjø. Annan båttrafikk på påreknast. Padleleden kryssar småbåttrafikk til og

Anna

Det er mogleg å leige færingar med Sunnmøre museum inne i Nørvasundet. Ein startar då ved museet og ror austover under brua til hovudvegen og følgjer denne ruta vidare til Svinøya

Køyreskildring
Print ut