English

Svartløkfjellet frå Liasetra

Ålesund

Kort om turen

Slak og fin tur i variert terreng der du fort kjem opp og får god utsikt til fjella rundt. 

Ruteskildring

Start på Liasetra i Ørskog. Ta til høgre når du kjem til den siste hytta. Frå parkeringa her er det skilta til Svartløkfjellet og stien er merka. Stien går eit kort stykke på skogsveg før den tek av til venstre opp gjennom skogen. Stien kan vere delvis våt over nokre myrer før den kjem opp til Lysteinen på ryggen opp mot fjellet. Herifrå er det nokre brattare kneiker, elles slakt og småkuppert terreng i ei ganske rett linje heilt opp til toppen. Du passerer fleire vardar før du når sjølve toppen.

Tilkomst og parkering

Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Kulturhus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta. Du kan parkere her eller køyre bomvegen vidare fram til Liasetra.
Fottur
Blå
Lengde
2,52 km en vei
Stigning
350 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
555 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Lenke til turskildring

Turen er også skilta og merka frå Ørskogfjellet: https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Svartloekfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

VIPPS og kontantar
Køyreskildring
Print ut